Dette skjer framover
Kva skjer i Stad Vekst for tida? |
| |
|
Frukosttreff 19. mars kl 8
|
Vi inviterer til frukosttreff i kommunehuset i Selje, kor Stad kommune vil orientere om den pågåande planvasken, det vert ei oppdatering frå Stad Vekst og Selje Bygdeutviklingslag, ei orientering om ISPS-terminalen og eit innlegg frå Saga Boats. Etter møtet vert det høve til å sjå den nye båtmodellen til Saga Boats. Det vert òg høve til å følgje møtet via Teams. |
| |
|
|
Ønskjer du frukost på torsdag? Bestill baguette fra Mix her, velg mellom ost&skinke, kylling og biff. Frukosten vert levert i pausa kl 9. |
|
|
Kommuneplanen sin samfunnsdel |
Kommuneplanen sin samfunnsdel er no ute på høyring, med frist 28. april. Samfunnsdelen er ein overordna og strategisk plan som peikar ut retning og prioriteringar for utviklinga av kommunen, og du kan no seie di meining. |
| |
|
|
Flinke elevar ved Eid vidaregåande skule har laga prototype til benk, og med nokre justeringar settast benkane no i produksjon. Stålet vert i ein av Stad kommune sine fargar, og du kan røyste på din favoritt under! |
|
|
Torsdag 26. mars kl 19 vert det næringspub på Magnifikk, vel møtt! |
| |
|
Innspel eller tilbakemeldingar? |
|
|
Stad Vekst AS Du mottok denne e-posten fordi du står på våre lister. Meld meg av |
|
|
|