Dette skjer framover
Kva skjer i Stad Vekst for tida? |
| |
|
|
Slamsug Vest AS avdeling Moldskred etablerte seg på Nordfjordeid i august, og er no ein av våre over 90 medlemsbedrifter. Med nesten 40 års erfaring i storblåsing og slamsuging ser dei fram til å vekse i Nordfjord. Vi ønskjer dei hjarteleg velkomen og lukke til! |
|
|
Onsdag 21. januar kl 8:00 er det tid for årets fyrste frukosttreff i kommunestyresalen i Stad Rådhus. Tema vert "Frå utanforskap til verdiskaping -di bedrift kan gjere ein forskjell". De får høyre erfaringar frå brukarar og bedrifter som samarbeider med Nav, og tips til å redusere sjukefråværet og styrke arbeidsmiljøet. |
| |
|
| Ønskjer du frukost frå Minibakeriet til frukosttreffet 21. januar kan du bestille det her innan tysdag 20. januar.
|
|
|
Miljøfyrtårnsertifisering |
Stad kommune ønskjer å gjere vegen til miljøfyrtårnsertifisering enklare, rimelegare og meir effektiv for verksemder i Stad. Dersom det er interesse for det vil kommunen arrangere ei samling kor verksemdene får ei innføring i sertifiseringsordninga. |
| |
|
|
Vi minner om at det torsdag 29. januar vert næringspub med Stad Vekst etter Inviro sin Tech Pub. Vi deltek frå 17:30, og vil oppmode alle til å gjere det same. Hugs påmelding til Tech Pub! |
|
|
Innspel eller tilbakemeldingar?
|
|
|
Stad Vekst AS Du mottok denne e-posten fordi du står på våre lister. Meld meg av |
|
|
|