Dette skjer på nyåret
Kva skjer i Stad Vekst for tida? |
| |
|
Vi ønskjer alle våre aksjonærar, medlemmer og samarbeidspartnarar ei riktig god jul og eit godt nytt år. Vi takkar for det gode samarbeidet i året som har gått, og ser fram til fortsettinga i 2026! |
| |
|
|
Sidan sist har vi fått med oss Norsk Fjordhestsenter på laget, og dette er verkeleg ei spanande verksemd! Ikkje berre er det det nasjonale kompetansesenteret for fjordhesten, dei held også kurs og arrangement året rundt for eit mangfald av ulike målgrupper. |
|
|
Torsdag 29. januar vert det næringspub med Stad Vekst etter Inviro sin Tech Pub. Vi deltek frå 17:30, og vil oppmode alle til å gjere det same. Hugs påmelding til Tech Pub! |
| |
|
|
Vi har sendt ei høyringsuttale til Samferdselsdepartementet ilag med dei andre vekstselskapa i Nordfjord. Vårt hovudbodskap er at Sandane lufthamn Anda må liggje fast som del av den nasjonale lufthamnstrukturen. |
|
|
I samarbeid med Nav Nordfjord arrangerte vi "Desemberhygge" på Operahuset Nordfjord 11. desember. Det vart eit hyggeleg og inkluderande treff kor ein kunne senke skuldrane i ei travel førjulstid. Vår medlemsbedrift, Lefdal Mine Data Centers, støtta arrangementet gjennom sitt Community Support Fund, og vi takkar så mykje for støtta! |
| |
|
Innspel eller tilbakemeldingar? |
|
|
Stad Vekst AS Du mottok denne e-posten fordi du står på våre lister. Meld meg av |
|
|
|