Dette skjer i mars
Kva skjer i Stad Vekst for tida? |
| |
|
Torsdag 19. mars kl 08:00-10:00 vert det frukosttreff i kommunehuset i Selje. Det vert innlegg om mellom anna planvask i Stad kommune, ISPS-terminal i Selje, og ny båtmodell hos Saga Boats. Det er òg mogeleg å delta via Teams, lenke finn du under. |
| |
|
|
Sparebanken Møre inviterer til investorkonferansen Børs og Bacalao som vert streama til Stad Hotell. Dette vert ein kveld med spanande foredrag, og servering av god mat og drikke! Arrangementet er gratis, men krev påmelding. Vi vil oppmode alle som kan til å delta, lenke til påmelding finn du under. |
|
|
Korleis opplever du Stad kommune som tilretteleggjar for næringsutvikling? Stad kommune skal oppdatere reiselivs- og næringslivsstrategien frå 2019 til ein ny temaplan. Dine innspel er viktige for det vidare arbeidet med å styrkje nærings- og reiselivet i Stad kommune. Svar på undersøkinga innan 1. april. |
| |
|
|
Onsdag 11. mars kl 09:00-10:30 arrangerer Forskingsrådet webinar om statsstøtteregelverket. Webinaret passer for bedrifter som har søkt eller vurderer å søkje SkatteFUNN. Statsstøtteregelverket kan påverke mellom anna om bedrifta kan ta imot SkatteFUNN-støtte og korleis kombinere fleire støtteordningar til same prosjekt. |
|
|
Vår medlemsbedrift Sparebank1 Sogn og Fjordane har støtta Stad Vekst U40 med ein gåvesjekk på 50 000 kroner -vi ser fram til å nytte denne på ulike arrangement og aktivitetar framover! Neste U40 arrangement vert ein gründerkveld. Meld deg på U40 sitt eige nyheitsbrev under for å få med deg alt som skjer! |
| |
|
Innspel eller tilbakemeldingar? |
|
|
Stad Vekst AS Du mottok denne e-posten fordi du står på våre lister. Meld meg av |
|
|
|