Siste nytt og neste frukostmøte 22.10.
Kva skjer i Stad Vekst for tida? |
| |
|
Onsdag 22. oktober kl 8:00 er det tid for haustens fyrste frukostmøte i kommunestyresalen i Stad Rådhus. Møtet er gratis og ope for alle, og det vert i tillegg høve til å bestille frukost frå Minibakeriet. Meir informasjon kjem, hald av datoen allereie no! |
| |
|
|
Stad Vekst samarbeidar med Styringsgruppa for Stad skipstunnel for å få realisert prosjektet. "Opprop for Stad skipstunnel" vart signert av over 450 verksemder og sendt til regjering og Storting. I møte med Styringsgruppa i september blei vegen vidare drøfta. |
|
|
Kraft i Vest og Kraftseminar Nordfjord |
Kraft i Vest gjekk av stabelen på Sandane i september. Stad Vekst arrangerte i samarbeid med dei andre vekstselskapa og SFE Kraftseminar Nordfjord i forkant av Kraft i Vest, kor fokuset var på kraftsituasjonen i regionen. |
| |
|
|
Den siste tida har vi hatt møte med mellom anna Ervik Group, Eid Elektro, Norgesvinduet Bjørlo, Kvernevik Gruppa, Selje Bygdeutviklingslag og Stadlandet Bedriftsforeining. Vil di bedrift ha besøk av Stad Vekst? Ikkje nøl med å ta kontakt! |
|
|
Søndag 14. september var alle U40-medlemmar i heile Nordfjord invitert til klatring i Hydlaparken i Stryn. Meld deg inn eller følg oss på Facebook og Instagram for informasjon om komande arrangement! Under 40 år og ikkje medlem enno? |
| |
|
Innspel eller tilbakemeldingar? |
|
|
Stad Vekst AS Du mottok denne e-posten fordi du står på våre lister. Meld meg av |
|
|
|